– Me har hatt eit godt samarbeid med tomteutviklarane i Nordbøåsen, Det gjer at me no kan realisere eit veldig spennande bukonsept, kalla BUEN Hjem. Me håpar desse nye boligane vil gjera det attraktivt for unge familiar å etablere seg med bustad i bygda, seier dagleg leiar Gunnar Aarhus i Buen Gruppen. – Det var etter å ha lese Plan for bustadpolitikk for Bø kommune i 2014 at Aarhus og kollegaer i Buen Gruppen sette seg saman og la ein plan for eit nytt og moderne konsept for bustader til dei som vil etablere seg i regionale tettstader. Planen seier mykje om vekst, behov for bustader med mindre arealbehov enn det husa inntil no har vore bygde på, seier Aarhus.

Miljøvenleg tre, og «Compact living»

– Trenden har i det seinare vore klar mot miljøvenleg «Compact living». Mindre arealkrevjande bustader og betre plassutnytting, levera etter alle nye forskrifter for energibesparing og miljøvenleg materialbruk. Vårt hovudmateriale er tre, noko som passar veldig godt inn i denne trenden, seier Aarhus.

Saman har Aarhus, hovudeigar Arne Moen, teknisk leiar Gunnar Snippen, og leiar for fabrikken Nordic Houses i Estland, Argo Saul, fått fram ei nyskapning som skal byggast på to av tomtene på det nye feltet i Norbøåsen utover forsommaren.

Prisbelønt design

Det nye huset i BUEN Hjem -konseptet er teikna av arkitektfimaet Trilog frå Tallinn. Dette hovuddesignet var med på å vinne prisen for årets trehus 2015 i ein sterk konkurranse i Tallin sist år.

Det vil utmerke seg litt i landskapet og me håpar at det blir positivt motteke av dei som ynskjer seg ein bustad som både designmessig og teknisk er langt framme i tida. Me håpar òg at priselappen på rett over 20.000 pr m2 på huset vil gjera sitt til at mange i etableringsfasen vil ynskje at dette skal bli den nye heimen deira.

Bidrag til nye arbeidsplassar

– I Buen Gruppen har me stor tru på det nye BUEN Hjem koseptet. Det kan bli tale om mange titals boligar i løpet av eit års tid. Skulle dette slå til vil det og vera eit positvt bidrag nye arbeidsplassar både lokalt og i salgskontora utover landet, seier Aarhus.

Pin It on Pinterest